Slippen kan ta opptil 200 tonn og vi tilbyr:

Utrustning og ombygging av båtar

Både store og små utrustingsoppdrag og ombyggingar er innanfor vårt kompetanseområde.

Overflatebehandling

Vi leverer tenester innan overflatebehandling og malingsarbeid. Uansett behov, blir arbeidet gjennomført med høg presisjon og kvalitet.

Reparasjon og service av motorar

Frå service og feilsøking til nyinstallasjonar – vi leverer eit komplett utval av tenester på dieselmotorar.

Krane – hydraulikkarbeid

Vi har eit breitt utval av hydraulikkdelar og disponerer både komplett slangeverkstad og rørbøyeutstyr.

Fartøyinstruks og klassing

Vi tar oss av fartøysinstruks på arbeidsbåtar frå 8-15 meter og sørger for at alle krav blir oppfylte.

Elektroarbeid

Vi utfører service på elektriske anlegg om bord i båtar, og spesialiserer oss på både ombyggingar og nyinstallasjonar av 230 volt og 24 volt system.

Forsikringsarbeid båt

Profesjonelle skrogreparasjonar for båtar i plast, aluminium og stål er vårt spesialfelt.

Servicebåt

Elvira III er ein allsidig servicebåt som er klar til å reise ut til kundar for ulike maritime oppdrag.